Rekneskapskonsulent
Om stillinga
Vaksdal kommune er ein vakker kommune med tilgong til nydeleg natur. Vi brer oss frå Bergen til Voss. Med toget er du på Dale før du veit ordet av det.
Vi har ledig 100% fast stilling som rekneskapskonsulent. Stillinga passer godt for personer som liker å samarbeide på tvers i orgassajonen.
Som rekneskapskonsulent har du ansvaret for rekneskapet til Vaksdal kommune. Saman med dine kollegaer har du mange viktige oppgåver framfor deg, og vi gler oss til å bli kjendt med deg!
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig rekneskapsføring frå A-Å
- Kontroll og oppfølging av utlegg, attestasjonar og tilskudd
- Registrering, kontroll og kvalitetssikring av rekneskapstransaksjonar
- Remittering og utbetaling
- Avstemming og internkontroll
- Gjennomføre årsavslutning
- Fagleg veiledning av leiare og tilsette
- Bidra til å utarbeide gode rutiner og effektive arbeidsmetoder
- Andre Ad-hoc oppgåver innanfor rekneskapsområdet
Kvalifikasjoner
- Økonomisk utdanning på bachelor nivå
- Relevant erfaring kan etter vurdering kompansere for manglande formell utdanning
- Regnskapserfaring, fortrinnsvis fra kommunal virksomhet
- Kunnskap om lov- og avtaleverk innen fagområde, fortrinnsvis frå offentleg forvaltning
- God IT- og systemforståelse, gjerne kjennskap til Visma Enterprise
Personlege eigenskapar
- Det er viktig at du er sjølvgåande og relasjonsbyggande
- Vi ser for oss at du tykkjer det er spanande å jobbe med komplekse system i større organisasjonar
- Høg arbeidskapasitet og kontroll på tidsfrister vil prege deg og ditt arbeid
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Personleg skikkaheit vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver. Her får du stort høve til å påverke arbeidskvardagen, og det er kort veg frå idé til gjennomføring
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
- Eit godt arbeidsmiljø med en uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
Historien vår
Lurar du på korleis det ser ut hjå oss? Kven du vil få som kollegaer?
Går det an å pendle?
Skal du reie med bil eller tog?